Bønebrev


Takk og bøn for Undheim kyrkjelyd. 11.03.2021


Det er ei spesiell tid for oss nå, og me kan ikkje samlast på same måte som før. Men me har gjerne meir tid heime, og kan vere i stillhet og bøn. 
I soknerådet har me snakka om korleis me kan vere saman i bøn utan å vere saman.
Kan me setje av ei tid denne våren der me søkjer Gud saman i bøn utan å vere saman?
Det er fint om du kan setje av ei bønetid kvar onsdag mellom 20 og 21. 

 

Takk:
Ver i stillhet og tenk etter kva du har å takke for.

For kyrkjelyden:
Tilsette: May Brit, Eline, Frode, Kari/Jon Torger, Ingfrid, Praxedes, og frivillige knytta til gudstenesta.

Barne og ungdomsarbeidet: 
Sundagsskulen, Supermix, , UKUF, Open kjellar, UGLA, Open barnehage, konfirmantar og trusopplæringsarbeidet.

Anna arbeid: 
Laust og Fast, soknerådet, husstyret, gudsteneste, Møteplassen, forbønsarbeidet, småmøter, husgrupper m.m.

For bygda vår: 
Skulen, barnehagen, samfunnshuset, idrettslaget og andre lag og organisasjonar,  arbeidsplassar i bygda.

For naboane dine.


«Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred , som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.» ( Fil. 4.4-7)