Undheimkyrkja

vert leia av UNDHEIM SOKNER� D, som er:


Valde medlemmar:

Hanne Brit Sandsmark - leiar og 1. vara til Time kyrkjelege fellesråd

Astri F. Eikeland - nestleiar

Kari Nina Skare Sikveland -  medlem Time kyrkjelege fellesråd

Ivar Risa - medlem og 2. vara til kyrkjeleg fellesråd

Gunnar Undheim - medlem Time kyrkjelege fellesråd

Åslaug Tunheim - medlem


Nordin Sikveland - 1. varamedlem

Jarle Kartevoll - 2. varamedlem



Me set pris på innspel og tilbakemeldingar!
Hanne Brit Sandsmark - tlf. 996 26 157 - e-post: hannebrit@biten.no



Undheimkyrkja sin logo og visjon:

Trekantlogo

Då Jesus kalla oss til å følgja han, viste han oss eit liv i balanse mellom tre ulike "retningar".

Han hadde kontakt oppover med Gud, han brukte tid innover med andre som trudde på han,
og han prioriterte tid utover for å læra andre menneske å kjenna, og for å visa kven han var.

Vi vil gjera slik Jesus har vist oss, og har difor delt arbeidet vårt inn i tre, noko trekanten i logoen vil hjelpa oss å hugsa.
I alt vi gjer søkjer vi å sjå oppover, innover og utover, men den enkelte aktivitet har gjerne ei retning som "hovudfokus".

Soknerådet har valgt seg ut nokre verdiar som er viktige for Undheimkyrkja:


- � HA JESUS SOM FORBILDE

- Joh. 13,15 - Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de óg gjera.


- � OPPMUNTRA KVARANDRE

- Hebr. 10,24 - Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

- � SETJA PRIS P� KVARANDRE

- 1. Pet. 4,10 - Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde.

- � VERA GRENSESPRENGJANDE

- Matt. 28, 18-20 - Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande

og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.

- � VERA AKTUELLE

- Hebr. 13,8 - Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

- � TILBE OG LOVPRISA GUD

- Salme 95,6 - Kom, lat oss bøya oss og tilbe, bøya kne for Herren, vår skapar!

- � ANSVARLEGGJERA KVARANDRE P� � VERA OG LEVA DET LIVET GUD KALLAR OSS TIL

- Apg. 2,39 - For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.



Materialet er vernet etter åndsverkloven. Uten uttrykkelig samtykke er eksemplarfemstilling, som utskrift og annen kopiering, bare tillatt når det er hjemlet i lov (kopiering til privat bruk, sitat o.l.) eller avtale med Kopinor (www.kopinor.no).
Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatnings- og straffeansvar.
Bibeltekster på presteper.no er hentet fra Bibel 2011 og publisert etter avtale med Bibelselskapet.

Lukk boksen

© 2010-2011 Undheimkyrkja.no - Alle rettigheter reservert. Innholdet er beskyttet av åndsverksloven.