Diakoni



Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd

Vi ønskjer at kyrkjelydane våre er fellesskap…...

  • som stadig er opptatt av å integrere diakonien som ein naturleg og sentral del av kyrkjelydsarbeidet
  • som inkluderer (ønskjer velkomen)
  • som er stader å vere både i glede og sorg og når livet opplevast vanskeleg
  • der ein møter kverandre med varme og respekt
  • som formidlar Jesu kjærleik gjennom forkynning og praktisk siakonalt arbeid
  • som har eit engasjement for lidande menneske

Treng du nokon å snakke med, eller ønskjer du å vite meir om diakoniarbeidet vårt, kan du ta kontakt med diakon (eller prestane) under "Kontakt" i toppmenyen. Du kan òg lese meir om arbeidet vårt, samt tiltak og aktivitetar, i diakoniplanane lenger nede på sida.

 

HER KAN DU LESA DIAKONIPLANEN SOM GJELD FRÅ 2022 til 2025