Givarteneste
Vil du ha ei levande og aktiv kyrkje på Undheim?
Me treng di deltaking for å få dette til. Overføringar me får utanfrå er ikkje nok til å finansiera det arbeidet me driv i dag.
Det er mykje me vil! Me vil ha ein prest i full stilling, eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, trusopplæring, omsorgsteneste (diakoni) og me vil vera misjonerande.
Fast givarteneste er den beste måten å støtta arbeidet vårt på økonomisk. Det er forutsigbart for kyrkja, enkelt for deg som vil gi, og du får skattefritak for gåver du har gitt. Du setter opp eit fast trekk i banken til givarkontoen i kyrkja: 3325.21.55657. Skriv gjerne «Gåve frå NAMNET DITT» i merknadsfeltet.
Nåverande status
Oppdatert 10.2.2021
Det er om lag 34 faste givarar, og det kjem inn i snitt ca 33066 kroner i månaden (snitt i 2020). Me treng framleis å auka givartenesta for å gå i balanse når me har tilsett prest i 100% stilling, ungdomsarbeider i 30%, Ung i Time og til trusopplæring.
Fast givarteneste 2021
Fast givarteneste i 2020
Månad |
Sum |
Januar |
21800 |
Februar |
21800 |
Mars |
24800 |
April |
23300 |
Mai |
22800 |
Juni |
28700 |
Juli |
27000 |
August |
26000 |
September |
39000 |
Oktober |
28250 |
November |
88850 |
Desember |
44500 |
Totalt |
396800 |