Fasteaksjonen
Den årlege fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp er i gong. I år handlar det om å gi dei som ikkje har reint vatn tilgong til det.
KLIKK HER for å gi di gåve. Då blir det registrert at det er Undheim sokn som har gitt gåva.
KLIKK HER for å lesa meir.
Onsdag 24. mars kl. 20.00 skal det vera ein konsert på nett med dyktige artistar. HER kan du registrera deg for å få påminning og enkelt finna fram til konserten.
Basar med UGLA
23.03. kl. 19.00 skal det vera ein annleis basar for UGLA. Me fekk ikkje halde basar i 2020, så nå prøver me oss på ein ny vri. Leiarar og born kan møta i kjellaren i kyrkja.
Du kan kjøpa lodd på Vipps på nr 660958. 4 kr pr lodd og 100 kr. pr side. Merk betalinga med namn på den som skal ha lodda. Evt kan du betala inn til kontonummer 3325.25.00915, men då må du i tillegg senda ein sms-melding på telefon 92894535 med namn og beløp på loddkjøparane. Frist for Vipps er fram til kl. 17.00 på basardagen. Pengane som kjem inn, går til NMSU sitt arbeid. NMSU er Det norske misjonselskap si barne- og ungdomsforening.
Årsmelding
KLIKK HER for å lesa årsmeldinga for 2020 til Undheim sokneråd.
Bønebrev
Soknerådet vil oppfordra til bøn, og det blir lagt ut bønebrev framover her på nettsida vår. KLIKKE HER FOR Å SJÅ.
Dei som vil ha varsel om når det blir lagt ut nye bønebrev, kan senda ein e-post til frode.skarland@timekyrkja.no.
Smittevern i kyrkja
(Oppdatert 26.02.2021)
- Me kan halda arrangement med ca 40-50 til stades. Det kjem an på samansettinga på dei som kjem.
- Dei som har symptom må halda seg heime.
- Ved arrangement med allsang må me ha to meter mellom kvar husstand. For gudstenester er det med andre ord ikkje nok å bare halda "metaren".
- Born og personar som har kontakt med mange, skal halda avstand på to meter til dei som er i risikosona.
- Ta på minst mogleg, og hald god handhygiene.
- Alle som kjem må registrerast. Listene blir kasta etter 14 dagar.
- Me skal ikkje kryssa kommunegrensa for å gå på eit arrangement. Dette gjeld ikkje for gravferd, dåp eller vigsel.
- Kom i litt god tid, slik at det ikkje blir mindre kø ved inngangen.
- Du får ein tilvist plass i kyrkja.
- Etter gudstenesta, er det fint om du går ut av kyrkja, og tar praten ute. Der er det mindre smittefare.
Givarteneste
Soknerådet har fokus på givarteneste for tida. Det er viktig å auka innektene, for utgiftene har auka mykje etter at ungdomsarbeidar blei tilsett.
Tilsettinga har vore til stor glede! Nå er ungdomsarbeidet i gong igjen på Undheim! Derfor er det eit håp om at me kan halda fram slik me gjer i dag.
HER kan du lesa meir om korleis du kan støtta arbeidet vårt, og sjå korleis utviklinga i givartenesta er.
Nytt nyheitsbrev frå vårt misjonsprosjekt Josiah Venture
KLIKK HER for å lesa nyheitsbrevet frå mars 2021.